Skjønnlitteratur // Hank
Hans I. Kolseth
Skribent, forfatterstudent og journalist.
Ein irritasjon over at eg var så makeleg i ein slik situasjon slo meg ein kveld eg hang etter ein jakkehank. Ikkje ein gong denne dagen – som for meg hadde vore så lada av meining, fram til eg hang meg, hadde vaskarane på Tromsø lufthamn klart å halde dobåsen rein.
Korleis hadde eg blitt ein som let seg irritere av slikt? Når kom dette over meg, ei slik makeleg grunninnstilling? Korleis vart pertentleg = meg, det makelege, ein måte å vere på som eg stadig fall tilbake til?
Nei, eg kunne ikkje døy no, tenkte eg og stakk handa inn mellom beltet og halsen slik at blodet igjen strauma fritt opp til hjernen.
Medan eg heldt i beltet kom eg til å nyte det solide, glatte skinnet det var laga av. Eg hadde investert i det etter å ha segga meg gjennom mine første dagar i byen. Det var eit belte av ordentleg skinn, eit belte utan slakk, eit belte som eg hadde fått hola til nokre ekstra hakk så det skulle stramt rundt livet – men som likevel, sidan eg drog det på for andre gong og gjekk ut av butikken og til eg kom hit og drog det av meg og festa det til hanken, hadde vore for slakt. Men beltet var glatt og solid som hanken eg hang etter. Eg forsøkte å vere takksam for desse kvalitetane.
Eg kunne ha skildra korleis eg fekk beltet om til ei løkke som eg så stakk hovudet gjennom og så fekk festa til vegghanken og hengt meg etter slik at det stramma seg hardt nok til rundt hovudpulsårene på sidene av halsen i det eg sette meg med ryggen inntil båsveggen, ned på dei grus- og søletilgrisa flisene hælane mine rørte, som eg altså irriterte meg over, men eg skal forsøke å unngå å seie for mykje om det for å forebygge. Det er nemleg ikkje like enkelt som ein skulle tru, som eg hadde trudd, å få gjort eit kvalitetsbelte av skinn om til ei fungerande strupereim, men ein bør vere vag om slikt på grunn av sjølvmordprevensjon. Men det eg kan seie, eller forklare, er noko så enkelt, som at ein har to store blodårer i halsen som det hovudsakleg er om å gjere å få blokkert om ein skal strupe seg. Om ein berre får trykk på luftrøyret – kan det hende ein svimar av – men det tar mykje lengre tid og gjer vondt – fordi du då må trykke inn luftrøret – medan det å blokkere blodårene – med eit solid kvelertak, der hovuddelen av presset mot halsen kjem på sidene er å foretrekke om du skal vise omsyn til offeret eller deg sjølv under såkalla halsgrep. Anyways…
Eg kikka opp på hanken beltet var festa i og forsøkte å bli takksam over at han var så solid.
Å vere takksam i det ein døyr, det er ei god kjensle, tenkte eg.
Tenk ein hank/knagg som kan halde eit mannevesen på snaue 70 kilo! Eller det eg hadde blitt, ikkje mitt sanne eg ville nok dei som hadde kjent mine gode sider tenkt, om eg hadde klart det eg forsøkte på denne kvelden, men «eit skall» av den mannen.
I motsetning til fleire av dobåsane eg hadde frustrert meg over gjennom åra mine som menneske var det i det minste ein hank her og i tillegg var han solid. Mange flyplassar har fjerna jakkehankane på do eller bytta dei tidlegare så solide knaggane eller hengarane ut med skrøpelege ting. Her var det skikkeleg knagg. I motsetning til dei mange dobåsane eg hadde frustrert meg over gjennom åra – som eg vitja med heilt basale formål då eg stadig hadde tarmfunksjon, då eg nytta doane som dei lettdødelege, vesena menneske er, nyttar toalett. I staden for å klare å forbli takksam, byrja eg altså å tenkje på alle gongane eg i mangel på vegghank eller knagg stadig måtte nytte dørhank – handtaka på dobåsdørene – til å henge jakker med det utfallet at plagget som regel fall ned på flisene av seg sjølv – glei av hanken av si eiga vekt og mangelen på friksjon og vart liggande i søla frå skoa som hadde vore innom. Ja, dette hende ofte fordi nokon forsøkte å opne båsdøra fordi dei «måtte» eller fordi okkupasjonen av doen ikkje var synleg frå utsida av båsen. Kanskje var personen der ute fargeblind, kanskje såg han ikkje om det var raudt eller grønt i det vesle hakket utanfor den ytre delen av dørhanken? Det er ikkje brukarane som gjer meg sint, det er snakk om eit systemproblem. Men ytterlegare tilgrising av frakken på grunn av ein utolmodig eller uvitande person i dokø uroa meg også då eg forsøkte å henge meg trass i at frakken min allereie hang slik at nedre del var i kontakt med golvet. Og det trass i at eg trudde at eg aldri skulle nytte frakken igjen. Og årsaka til at eg var så makeleg då… Eller årsaka til at eg vart irritert over at eg vart så makeleg var vel at eg ikkje var så sikker på om dette eigentleg ville virke, innsåg eg. Sjølv om eg hadde klart å overtyde meg sjølv om at eg denne gongen skulle lykkast, så byrja eg å tvile. Det er ikkje slik at alle i min situasjon får ei forklaring i det vi våknar og lurer på kvifor vi ligg i ein bosscontainer og kvifor vi er så kalde, at nokon, gjerne «skaparen», står klar utanfor med ei forklaring og ditt første offer. Sjølv om ein mogleg exit, altså ei forklaring om korleis du kan få slutt på ståa etter å ha blitt putta i ein slik situasjon, kanskje ikkje ville vore så mykje å be om, sjølv ikkje av vampyrar.
Handa som hadde bremsa strupinga var byrja å miste sirkulasjon. Eg såg bort på frakken min som hang der etter dørhanken igjen – den ein gong flotte beige frakken, med den ein gong kvite fleecen som sugde til seg sølevatn frå flisene. Og merka at eg vart vemodig. Det var det eg kjente, overfor frakken, og vemod er jo ei høveleg kjensle å døy med, tenkte eg og slapp beltet. Det prikka i handa som hadde pausa henginga. Eg manifesterte takksemda:
Min kjære beige frakk, kviskra eg.
Og så svartna det endeleg.
Hans I. Kolseth (f. 1995) er forfatterstudent og journalist fra Nordfjordeid. Han bor i Tromsø.
Les mer:
To halv hank
Dikt.
