Nordnorsk tidsskrift for litteratur

Eg drøymer om å gå meg vill

Therese Bakkevoll og Lærke Malmbak. Foto: Marius Fiskum / Privat

SKANDINAVISK GRÆNSEOVERSKRIDENDE KORRESPONDANCE #2

Therese Bakkevoll
Forfatter.


Mai 2026


Kjære Lærke!


Eg kom nettopp inn frå ein gåtur i lysløypa. Det er strålande sol i Tromsø,
og det er endeleg ei kjensle av at våren har komme. Det var den første turen i løypa etter at snøen smelta, og mens eg gjekk tenkte eg på teksten din. Og på spørsmålet om kva ein skog er.

Som eg kanskje allereie har fortalt deg, flytta eg i fjor. I mange år har eg
budd i sentrum, og no bur eg heilt nord på Tromsøya. Det betyr at eg tar
meir buss enn eg har gjort på mange, mange år, og det betyr at eg er
nærmare naturen. Frå vindauga kan eg sjå havet og fjella på Kvaløya, eg ser himmelen, og eg har to minutt til lysløypa, som går heile vegen frå nord- til sydspissen på øya. På vinteren er løypa preparert for skigåarar, og på sommaren kan ein jogge, sykle – eller gå med barnevogn. Eg prøvde å finne svar på spørsmålet om eg går i skogen når eg går i lysløypa? Eg er usikker, det er jo skog på alle kantar heile vegen, men eg kom likevel fram til at nei, det kjennest feil ut å seie at eg går i skogen, når eg følgjer ein brei sti der det er plass til ein bil. Men om eg går to meter til sida og følgjer terrenget eller ein av dei mange små stiane som folk har tråkka opp, da går eg plutseleg i skogen. Ingen tvil. Blir det riktig å sette eit så konkret og presist skilje? Eg veit ikkje. Men det som er heilt sikkert, er at på dei små stiane er det fullstendig umogleg å gå med barnevogn.

Det er rart å oppdage kor stor forskjell det kan vere mellom Danmark og
Noreg. Vi er søsternasjonar, vi høyrer saman, vi forstår kvarandre sine språk, og likevel finst det markante forskjellar. Danmark vil alltid vere storesøster til Noreg. Eg trur det finst ein evig misunning på Danmark, som vi nordmenn tenker på som litt meir sivilisert, litt nærmare kontinentet og verda enn oss. Og historisk sett kan vi ikkje sjå bort i frå «400-årsnatta», som Ibsen kalla dei 400 hundre åra Noreg var i union med Danmark, og den danske kongen bestemte over oss. Noreg er alltid litt meir perifer, litt mindre sofistikert, og kanskje også litt villare.

Eg kan ikkje komme på ein skog i litteraturen eg drøymer meg vekk til. Eg
har heller ein tendens til å lengte mot storbyen i litteraturen. Det trur eg har å gjere med at eg nettopp kjem frå ein liten by i nord. Naturen har eg overalt rundt meg, det er min «normalitet». Mens ein storby med all sitt kaos å navigere i, er eksotisk og forlokkande for meg. Ukjente gatenamn, trikk, tog og t-bane, språk eg ikkje forstår. Eg elskar å skrive, lese og tenke i nye byar, store byar, med folk på alle kantar.

Samtidig, eg drøymer om å gå meg vill. Eller, eg drøymer og fryktar det på
same tid. Fantasien om å miste all retningssans, å bli nullstilt, for så å måtte finne vegen framover på nytt. I naturen, i livet, i litteraturen. Draumen om å overskride sine eigne grenser, sine vanlege erfaringar, sitt eiga språk. Uimotståeleg og skremmande på same tid.

For tida utforskar eg Roald Amundsen og reisene han gjorde i polarområda. Og da kjenner eg lengselen etter det ville, det utemma, det ukjente. Men da tenker ikkje på ein skog. Da tenker eg på is, snø, fjell og hav. Overvintring aleine i ei fangsthytte, med berre årstidene og det knappe lyset til å halde orden på tida. Einsemda. Mørket. Truleg vil eg aldri oppleve noko slikt. Eg er nok for feig, for lat, for gammal.

Tar ikkje livet og litteraturen alltid utgangspunkt i det lokale og nære? Vi
erfarer det som er nærmast rundt oss, og vi skriv om det vi kjenner, det vi
kan formulere oss om. Om skogen er kultivert, som i Danmark, så er det det som er normalt. Og er naturen meir urørt, som i ein del av Noreg, så blir det det normale. Litteraturen, som ein både kan gå til for gjenkjenning og for å bli kjent med det som ligg langt unna vårt eige, er jo derfor ein fantastisk plass. Der finst alt dette. Dei mest magiske litterære opplevingane mine er nettopp der dette skjer samtidig. Der eg både kan kjenne meg igjen i ein person, ei kjensle, ein tanke, og samtidig vere ein heilt annan plass enn heime, på tvers av tid, stad og rom. Som f.ek.s hos Jean Rhys i God morgon, midnatt frå 1939. Hovudpersonen flanerer rundt i Paris for snart hundre år sidan, og eg kan kjenne meg igjen i tankane om livet, tilværet, døden.

På kvelden no i midten av mai står sola inn i rommet mitt og går bak
fjellet omtrent klokka 22. Om ei veke har vi midnattssol. Da er det meir enn to månader til neste solnedgang. Fram til da finst det ingen mørke her, ingen stader å gøyme seg. Kanskje bortsett frå i skogen. Om du går langt nok.

Det er så mange ting eg får lyst å spørje deg om. Eg prøver å avgrense meg:
Kva betyr mørket for deg, i litteraturen, når du skriv? Og kva for landskap, bortsett frå skogen, blir du dratt mot?

Therese


SKANDINAVISK GRÆNSEOVERSKRIDENDE KORRESPONDANCE er en samtale om litteratur og skriving på tvers av språk og landegrenser, og skrives av forfatterne Therese Bakkevoll og Lærke Malmbak.

Therese Bakkevoll (f. 1975) er fra og bor i Tromsø. Hun har studert ved Forfatterstudiet i Tromsø og Litterær Gestalting. Jobber som miljøterapeut ved siden av å skrive. Hun ga ut romanen Tallboy (Samlaget) i 2023 og sitter for tida i kunstnerutvalget til Ordkalotten litteraturfestival.

Lærke Malmbak (f. 1991) bor i Odsherred i Danmark. Hun studerer på forfatterstudiet ved Kunstakademiet i Tromsø, og er utdannet cand.scient.pol. Hun arbeider ved siden av sin kunstneriske praksis som skriveunderviser hos Forfatterskolen for unge. Hun debuterte med romanen Vi legede gemmeleg med verden (Byens forlag) i 2023, og skriver fast for Dagbladet Politiken.


MER SKG:

Oppdag mer fra Vreng

Abonner nå for å fortsette å lese og få tilgang til hele arkivet.

Fortsett å lese