Skjønnlitteratur.
Tom Christian Lillebø
Bibliotekar og skribent.
Eg hadde lette fingrar. Stal så lite som mogleg: ei flaskehette, ei lita pute, eit magasin, ein enkelt cherrytomat, lyspærer. Fingrane klødde alltid, naglane spente som små antenner. Det var ein abstinens, ein uro midt i magen. Tinga trong ein ny heim, ei ny plassering, og dei song ut sitt sakn:
«hei! HEI! DU!»
Eg prøvde å temme meg. Ingen bankvelv, ingen pengesummar, ingen diamantar. Eg stal heller tid. Når folk ville leggje på, la eg på eit tema til, pressa nokre minutt ekstra ut av dei. Eg sugde til meg energi, senka deira glede berre eit lite hakk – ikkje nok til å provosere.
Eg stal frå meg sjølv òg. Gav ting bort utan at eg var samd i det. Gav vekk bøker eg skulle lese, plasserte dei i hylla på biblioteket i sentrum som om eg aldri hadde eigd dei. Brukte minna mine for å halde dei gode dagane på avstand. Prøvde å ikkje verte for glad. Heldt meg unna å snakke med andre, unngjekk å oppnå kontakt og nærleik – ein tjuv.
For å kompensere song eg. Ein naturleg stemme, mjuk og sterk. Eg hadde vorte lei av det, men songen balanserte tjuveriet, som om kvar tone la tilbake litt av det eg hadde tatt. Gravferder var best:
«Blott en dag», «O bli hos meg», «Amazing Grace».
Men etter seremonien kom folk bort til meg, avbraut, når eg hadde eit stearinlys i handa, ei plastflaske senka ned i dåpsvatnet.
Søndag 23.05.2024: tok to dorullar frå det kalde, kalde toalettet.
Mor mi kjenner ikkje forskjell på bjørk og gran.
*
Overtru for neglane:
Viss neglane til eit spedbarn blir klipte før det er eitt år gammalt, vil barnet veksa opp som tjuv.
Viss barnets første avskjer blir gravlagt under eit asketre, vil barnet bli ein toppsongar.
Tom Christian Lillebø er en sunnmøring bosatt i Hammerfest. Til daglig jobber han som bibliotekar, og i ledige stunder skriver han ting ned på datamaskinen sin.
Mer negler:
De vokser ut som en sånn…
Intervju med Sigbjørn Skåden.
